Personskade

Dersom du har blitt utsatt for en personskade kan du ha krav på erstatning fra et forsikringsselskap eller skadevolder.

Ta kontakt med oss på tlf. 05789 for gratis vurdering av din sak eller benytt kontaktskjemaet.

Våre advokater har lang erfaring med bistand i erstatningssaker.

Utskrift fra Lovdata - 25.10.2015 18:42

Noregs Høgsterett - HR-2004-1955-A - Rt-2004-1816

 

Instans

Noregs Høgsterett - Dom.

Dato

2004-11-25

Publisert

HR-2004-1955-A - Rt-2004-1816

Stikkord

(Skiltmaker-dommen) Erstatningsrett. Personskadeserstatning. Erstatning for tapt eierinntekt i aksjeselskap.

Sammendrag

Et forsikringsselskap hadde godtatt ansvar etter bilansvarsloven for dekning av tapte lønnsinntekter til en trafikkskadet hovedaksjonær i et firma i skiltbransjen. Høyesteretts flertall kom til at skadelidte ikke kunne kreve at erstatningen omfattet fremtidig tapt eierinntekt i form av aksjeutbytte fra selskapet, som følge av at skaden reduserte selskapets verdiskapning og nettoinntekt etter skaden, jf skadeserstatningsloven § 3-1. Med støtte i rettspraksis kom Høyesteretts flertall til at heller ikke aksjeselskapet hadde krav på erstatning for disse utgiftene. Dissens 3-2.

Saksgang

Ytre Follo tingrett 02-00545 og 02-00647 A - Borgarting lagmannsrett LB-2003-14218 - Høgsterett HR-2004-1955-A, (sak nr. 2004/755), sivil sak, anke.

Parter

I. If skadeforsikring NUF (advokat Jørgen Svartebekk - til prøve) mot A (advokat Erik Johnsrud). II. X AS (advokat Erik Johnsrud) mot If Skadeforsikring NUF (advokat Jørgen Svartebekk - til prøve).

Forfatter

Utgård, Rieber-Mohn, Mitsem. Dissens: Oftedal Broch, Lund.


(1)

Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om ein trafikkskadd person kan krevje at skadebota skal omfatte tapt eigarinntekt - aksjeutbyte - frå eit aksjeselskap der han arbeidde og var hovudaksjeeigar, når skaden har redusert nettoinntekta i aksjeselskapet. Om den direkte skadelidne ikkje har eit slikt krav, er spørsmålet om aksjeselskapet har eit slikt krav mot skadevaldaren.

(2)

A hadde i 1992 starta eiga verksemd i skiltbransjen gjennom eit einskildpersonføretak. I 1995 gjekk denne aktiviteten inn i eit nyskipa aksjeselskap X AS, der han hadde 66 prosent av aksjane og broren resten. Frå 1996 og til i dag har det vore mellom 3 og 5,5 årsverk i selskapet. A kjøpte ut broren i 2000 og vart då eineaksjeeigar.

(3)

Den 9. oktober 1997 vart A skadd i ei trafikkulykke. If Skadeforsikring NUF, som forsikra den møtande bilen, har godteke ansvar for skaden, jf. bilansvarslova § 4 og § 6. Partane vart likevel ikkje samde om det økonomiske oppgjeret. Usemja gjaldt dels konkrete utmålingsspørsmål. I tillegg kravde A dekt redusert eigarinntekt - aksjeutbyte - frå X. Dette kravet bygde på at A var ein nøkkelmedarbeidar i X, og at han gjorde ein innsats i selskapet som tilførte det verdiar langt ut over den løna han mottok. If gav uttrykk for at A får dekt sitt tap, slik dette er regulert i skadebotlova § 3-1, når han får dekt tapt løn frå selskapet. Redusert utbetaling av aksjeutbyte er ei kapitalinntekt som ikkje fell inn under føresegna, sjølv om skaden førte til mindre overskot i X og med det redusert aksjeutbyte. I den grad X var påført tap på grunn av at A var skadd, meinte If at X ikkje hadde skadebotvern for kravet sitt.

(4)

A reiste 9. august 2002 sak mot If Skadeforsikring NUF. X AS gjorde det same 2. oktober 2002, for det tilfelle at A ikkje skulle nå fram med sitt krav om at tapt utbyte kan krevjast dekt på A si hand.

(5)

Ytre Follo tingrett gav 24. januar 2003 dom med slik domsslutning:

«I sak 02-00545A:

1.

IF Skadeforsikring NUF betaler innen 14 -fjorten- dager etter dommens forkynnelse A kr 23.283 -kronertjuetretusentohundreogåttitre- med tillegg av 12 -tolv-% forsinkelsesrente fra forfall til betaling skjer.

2.

Saksomkostninger tilkjennes ikke.

I sak 02-00647A

1.

IF Skadeforsikring NUF frifinnes.

2.

X AS betaler innen 14 -fjorten- dager etter dommens forkynnelse IF Skadeforsikring NUF sakens omkostninger med kr 25.276 -tjuefemtusentohundreogsøttiseks-, med tillegg av 12 -tolv-% forsinkelsesrente fra forfall til betaling skjer.»

(6)

Både A og X anka dommen til Borgarting lagmannsrett. Lagmannsretten gav 5. mars 2004 dom (LB-2003-14218) med slik domsslutning:

«I Sak A mot If Skadeforsikring NUF.

1.

If Skadeforsikring NUF betaler kr 2.650.000,- - kronertomillionersekshundreogfemtitusen - i erstatning til A, med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra 10. februar 2003 til betaling skjer.

2.

If Skadeforsikring NUF betaler kr 448.748,38 - kronerfirehundreogførtiåttetusensyvhundreogførtiåtte 38/100 - i saksomkostninger for tingretten og lagmannsretten til A, med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra forfall og til betaling skjer.

3.

Oppfyllelsesfristen er 2 - to - uker fra dommens forkynnelse.

II Sak X AS mot If Skadeforsikring NUF

1.

If Skadeforsikring NUF frifinnes.

2.

X AS betaler saksomkostninger for lagmannsretten til If Skadeforsikring NUF med kr 18.333,75 - kronerattentusentrehundreogtrettitre 75/100 - med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra forfall og til betaling skjer.

Oppfyllelsesfristen er 2 - to - uker fra dommens forkynnelse.»

(7)

Lagmannsretten la til grunn at skadebotlova § 3-1 ikkje gir grunnlag for noko skilje mellom løn og utbyte i dette tilfellet. A hadde derfor også krav på å få dekt reduserte utbytebetalingar. Retten kom til at det var nær samanheng mellom A sin personlege innsats i X og driftsresultatet i selskapet, og at hans innsats var særs viktig for nettoresultatet. Ved den konkrete utmålinga vart det lagt til grunn at A ville ha drive X AS fram til 2015 og at han over denne perioden ville ha teke ut overskotet som utbyte. Dei tilkjende summane knyter seg til dei meirverdiane som kom av A sitt arbeid. For åra 1998-2003 vart det lagt til grunn eit samla tap på i alt 1.400.000 kroner. For åra 2004-2015 vart det samla tapet sett til 1.000.000 kroner, og her vart det gjort eit skattepåslag med 25 prosent.

(8)

If Skadeforsikring NUF og X AS har begge anka til Høgsterett. Anken frå X er gitt inn under føresetnad av at A ikkje får medhald i sitt krav om skadebot for tapt utbyte. For Høgsterett gjeld ankane berre dei rettslege spørsmåla om A kan krevje dekt reduksjonen i eigarinntekt, eventuelt om X kan krevje dekt dei tapte inntektene i selskapet som er ein følgje av A sin skade. Den konkrete utmålinga er ikkje gjenstand for anke, og If har også godteke at tapet kan setjast til det same for X som det lagmannsretten kom til for A.

(9)

If Skadeforsikring NUF har særleg halde fram:

(10)

A har ikkje krav på skadebot for tapt aksjeutbyte. Etter skadebotlova § 3-1 er det slik at den skadelidne sitt eige lønstap og tap i næringsinntekt kan vere grunnlag for kompensasjon, og ordlyden «skadelidte» kan i alle fall peike i retning av at det må vere tale om tap som er direkte påført. A har selt sin arbeidsinnsats mot å få løn av arbeidsgivaren, og hans interesse er med det avgrensa til løna. Meirverdien av arbeidsinnsatsen tilfell arbeidsgivaren som del av arbeidsavtalen.

(11)

At A ikkje kan ha krav på dekning av tapt aksjeutbyte, må også følgje av rettspraksis, sjølv om det ikkje finst nokon norsk høgsterettsdom som direkte løyser spørsmålet. Men dessutan følgjer det av kravet til konsekvens i ulike regelsett, som til dømes reglane om skatt og om personleg ansvar. Dersom den direkte skadelidne skulle kunne byggje på inntektene hos selskapet når han har føremon av det, er det også spørsmål om til dømes kreditorane i selskapet bør kunne gå på vedkomande i andre situasjonar. Om A vinn fram her, er det såleis spørsmål om det må kome han til skade i andre situasjonar - i alle fall blir det uklart. Motpartane sitt standpunkt gir også grunnlag for dobbeltkompensasjon, og det er ikkje utan vidare slik at arbeidstakar og arbeidsgivar her vil vere einige om kven som i tilfelle skal ha dekning. Både rettstekniske og utrekningstekniske omstende talar dessutan for at dei formelle tilhøva må leggjast til grunn.

(12)

Alternativt blir det gjort gjeldande at A sitt tap er for fjernt og avleidd.

(13)

Heller ikkje arbeidsgivar, X AS, har krav på skadebot når det er tale om eit tap med årsak i skade på ein arbeidstakar. Eit slikt tap representerer ikkje ei konkret og nærliggjande interesse. Dette omgrepet er utvikla i rettspraksis når det gjeld den problemstillinga som tidlegare gjerne vart omtala som skiljet mellom tinglege og obligatoriske krav.

(14)

If Skadeforsikring NUF har sett fram slike påstandar:

(15)

I saka If Skadeforsikring NUF mot A:

«If Skadeforsikring NUF frifinnes.»

(16)

I saka X AS mot If Skadeforsikring NUF:

«1.

Borgarting lagmannsretts dom av 05.03.2004 i sak X AS mot If Skadeforsikring NUF stadfestes.

2.

If Skadeforsikring NUF tilkjennes sakens omkostninger for Høyesterett.»

(17)

A og X AS har særleg halde fram:

(18)

Lagmannsrettsdommen er korrekt både i grunngiving og resultat i høve til A. Det er på det reine at A ville ha fått dekt tapet sitt dersom han hadde drive verksemda si som vanleg einskildpersonføretak. Det skadebotrettslege vernet kan ikkje falle bort fordi om han hadde organisert sin personlege aktivitet som aksjeselskap. Når det skal givast kompensasjon for den reduserte verdien av A si arbeidskraft som følgje av skaden, kan det ikkje sjåast bort frå det reduserte overskotet i aksjeselskapet i det dette nettopp var ei følgje av skaden. Det kan ikkje skiljast mellom eigarinntekt og aksjeutbyte i eit mindre aksjeselskap som dette. Tapt aksjeutbyte må ha skadebotvern på A si hand, subsidiært må dette tapet vere verna hos X AS.

(19)

Prinsippet om full kompensasjon for tapet er utgangspunktet. Dette følgjer av ordlyden i lova, og er også lagt til grunn i lovførearbeid og i juridisk teori. Val av selskapsform må ikkje givast verknad lenger enn føremålet med selskapsforma tilseier. Det er elles ikkje klare skatterettslege skilje mellom eigarinntekt og selskapsinntekt i små aksjeselskap. Det er A sjølv som har hand om utdeling av aksjeutbyte, og verdiane i selskapet tilhøyrer fullt ut han.

(20)

X AS har eit subsidiært krav i høve til det personlege kravet frå A. X hadde her ei konkret og nærliggjande interesse i A sin arbeidsinnsats. Det følgjer då av teori og rettspraksis at kravet er verna. Saka her skil seg også frå andre tilfelle der ein aksjeeigar arbeider i selskapet ved at A var ein dominerande nøkkelperson, han var dagleg leiar, styreformann og stod som seljar for den største delen av omsetninga i selskapet. Det er heller ikkje upårekneleg at det oppstår tap når ein tilsett - her ein nøkkelperson - blir skadd.

(21)

A og X AS har sett fram slik påstand:

(22)

I saka If Skadeforsikring NUF mot A:

«1.

Borgarting lagmannsretts dom stadfestes.

2.

If Skadeforsikring NUF dømmes til å erstatte A hans saksomkostninger for Høyesterett med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra 2 - to - uker etter dommens forkynnelse og til betaling skjer.»

(23)

I saka X AS mot If Skadeforsikring NUF:

«1.

If Skadeforsikring NUF betaler kr 2.650.000, - kronertomillionersekshundreogfemtitusen - i erstatning til X AS med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra 10. februar 2003 til betaling skjer. Oppfyllelsesfristen er 2 - to - uker fra dommens forkynnelse.

2.

If Skadeforsikring NUF dømmes til å betale saksomkostninger til X AS for tingrett, lagmannsrett og Høyesterett med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra forfall og til betaling skjer. Oppfyllelsesfristen er 2 - to - uker fra dommens forkynnelse.»

(24)

Eg er komen til at anken frå If må føre fram, og at anken frå X ikkje kan gjere det.

(25)

If har som før nemnt godteke ansvar for skaden, jf. bilansvarslova § 4 og § 6. Det følgjer av dette at skadelidne har rett til skadebot, slik dette følgjer mellom anna av skadebotlova § 3-1 første ledd:

«Erstatning for skade på person skal dekke lidt skade, tap i framtidig erverv og utgifter som personskaden antas å påføre skadelidte i framtiden.»

(26)

Det er ut frå ordlyden slik at ein skadeliden person har krav på å få dekt bortfall av lønsinntekt eller næringsinntekt som følgje av skaden. Der ein skadeliden driv næringsverksemd i einskildpersonføretak får han såleis dekt også bortfall av inntekt frå næringsverksemd. Næringsverksemd kan sjølvsagt også gå ut på eigen kapitalforvalting, og i så fall er dei motteke aksjeutbyta ei vanleg næringsinntekt i personleg næring. Slik eg les Nygaard, Skade og ansvar, 2000, side 97, er det dette han siktar til der, og ikkje redusert aksjeutbyte i eit selskap som blir ramma av eit tap.

(27)

Det sentrale spørsmålet i saka er om det er vern for framtidige inntekter som ikkje kjem i form av lønsinntekt eller næringsinntekt i einskildpersonføretak, men i form av avkasting - aksjeutbyte - frå eit aksjeselskap som den skadelidne er tilsett i og har eigarinteresser i, eventuelt som eineaksjeeigar. Spørsmålet gjeld verdiskaping i aksjeselskapet som kjem av aksjeeigaren sin arbeidsinnsats, og som går ut over utbetalt løn.

(28)

Utgangspunktet må vere at ein direkte skadeliden kan krevje bøtt det tapet som rammar han sjølv, og ikkje det tapet som rammar andre. Eit aksjeselskap er eit sjølvstendig rettssubjekt, forskjellig frå aksjeeigarane, også der selskapet har eine- eller hovudaksjeeigar. Det er etter mitt syn framandt for vår rettsorden å seie at aksjeeigarar lir tap der tapet direkte rammar aksjeselskapet, sjølv om tapet på kort eller lang sikt vil redusere inntektsstraumen i form av utbyte til aksjeeigarane. Der eit tap rammar eit sjølvstendig rettssubjekt, må det i staden spørjast om tapet har skadebotvern på selskapet si hand, noko eg kjem attende til.

(29)

For min del kan eg heller ikkje sjå at det kan etablerast noko ansvar for minska utbyte frå aksjeselskapet grunna i at A på skadetidspunktet hadde 66 prosent av aksjane i selskapet og var ein nøkkelperson. Løysinga måtte etter mitt syn ha vorte den same om A hadde hatt alle aksjane på skadetidspunktet. Etablering av eit aksjeselskap har ein realitet. Det gjeld med omsyn til personleg ansvar, det gjeld med omsyn til skatt og også i mange andre samanhengar. Ein hovudaksjeeigar eller eventuelt ein eineaksjeeigar kan ikkje då krevje at ein skal sjå bort frå selskapsforma når det oppstår ein konkret situasjon der han kan vere tent med det. Kongepark-dommen, Rt-1996-672, viser at det skal mykje til for at ein ser bort frå den realiteten som ligg i ei selskapsdanning.

(30)

Eg vil seie litt om dommen i Rt-1996-1497, som gjaldt naturfreding av eit skogområde tilhøyrande Løiten Allmenning. Allmenningen var deleigar i K/S Hedalm som dreiv sagbruk, og hadde rett og plikt til å selje tømmeret til K/S Hedalm. Det var også ein avtale om overskotsdeling. Slik eg forstår dommen, byggjer den på at allmenningen var nær knytt til K/S-et gjennom slike avtalar. Ei avgjerd i same lei frå Högsta Domstolen i Sverige illustrerer problemstillinga. Dommen i NJA 1975 side 275 gjaldt ein tannlege som var tilsett i eit aksjeselskap der alle aksjane var eigd av tannlegen si kone. Etter arbeidsavtalen hadde tannlegen krav på som vederlag for sitt arbeid å få utbetalt det årlege driftsoverskotet. Tannlegen vart skadd og kravde dekt inntektsbortfallet. Han fekk medhald i Högsta Domstolen, som la til grunn at innkomene «måste, oavsett om de betecknats som lön, tantiem eller annat, anses utgöra arbetsinkomster». Dommen i NJA 1975 side 533 som gav motsett resultat for ein optikar som ikkje hadde nokon slik avtale i eit heileigd aksjeselskap der han var eineaksjeeigar og einaste tilsette, viser den andre sida av det prinsippet som må gjelde.

(31)

Etter mitt syn kan såleis A ikkje få medhald i at han har krav på å få dekt tapt utbyte frå aksjeselskapet. Eg vil her leggje til at det for meg synest problematisk med ei motsett løysing. Det vil gjere innhogg i grunnleggjande selskapsrettslege prinsipp. Kva skal i tilfelle til for at selskapskreditorane kan fremje krav mot den tilsette? Og korleis skal ein i så fall handtere dette skatterettsleg? Her peikar eg på at A på skadetidspunktet ikkje var omfatta av delingsmodellen. Og endeleg: Kva skal grensa vere for når ein tilsett, som ikkje er eineeigar men er hovudaksjonær, kan krevje dekt verdiskaping i selskapet?

(32)

Det neste spørsmålet er då om X kan krevje dekt det tapet selskapet har lide ved at A ikkje har utført same arbeidsinnsatsen som før skaden. Her minner eg om at det er uomtvista mellom partane at også X har hatt eit tap på 2.650.000 kroner, som følgje av at A ikkje har kunna gjere den same arbeidsinnsatsen som den som kunne ventast utan skaden.

(33)

I prosedyren har fleire dommar vore framme, særleg Rt-1955-872 (kabeldommen), Rt-1973-1268(flymanøverdommen) og Rt-2000-1756 (arbeidsgivaravgiftdommen). Felles for desse dommane er at dei går på kva interesse som er verna som følgje av ein skade som direkte ramma ein annan. Det er altså tale om eit tredjemannstap. I den siste av desse dommane er problemstillinga vist til å vere om tapet gjeld ei «konkret og nærliggende interesse», med tilvising til ei formulering i den første av dommane. Og i tillegg er det uttala at i ei slik vurdering «må det også legges vekt på hvem som bør bære risikoen for tapet ut fra en rimelighetsvurdering, ...». Det må dessutan vurderast «om et tap som skyldes en avtale mellom den direkte og den indirekte skadelidte, kan kreves dekket av skadevolder».

(34)

Dommane gir ikkje noko direkte svar på i kva grad ein arbeidsgivar kan krevje dekt meirverdien av arbeidstakaren sin innsats når han blir skadd, og nokon er ansvarleg for skaden. Dette er eit anna spørsmål enn spørsmålet om korleis det stiller seg dersom arbeidsgivaren betaler arbeidstakaren løn i ein periode, og så krev slik lønsutbetaling dekt av skadevaldaren, jf. Lødrup, Lærebok i erstatningsrett, 1999, side 355.

(35)

Av dei norske dommane om tredjemannsinteresse er det nok denne siste dommen om arbeidsgivaravgift som har størst interesse. I denne dommen er det om kravet på dekning av avtalefesta, lengd sjukepengeperiode, sagt at arbeidsgivar er «nærmest til å bære tapet», at han er nærast til å ha «kontroll med» omfanget av slike framtidige tap, og at det er «tilfeldig» om slike utgifter kan krevjast dekt av ein skadevaldar. Oppsummeringsvis heiter det at det ikkje er «rimelig» at skadevaldar skal svare for eit tap som i første rekkje må reknast å kome av ein avtale mellom arbeidsgivar og den tilsette skadelidne.

(36)

Etter mitt syn er det her element som også kan trekkjast inn i vår sak. Det er nok slik at det er arbeidsgivaren som lettast vil kunne organisere arbeidet i ei form som gjer at han blir minst mogeleg utsett for tap. Det er også slik at ein tilsett kan bli borte som følgje av sjukdom, tvingande velferdsgrunnar eller til dømes grunna ulykke som ingen kan trekkjast til ansvar for. I eit slikt perspektiv er det tilfeldig om ein arbeidsgivaren kan få dekning. Og det blir nok ut frå dette oppfatta som lite rimeleg at ein skadevaldar dekkjer eit slikt tap, der det finst ein ansvarleg skadevaldar. Tapet kan også variere mykje. Nygaard, Skade og ansvar, 2000, side 58 uttrykkjer dette slik at ein arbeidsgivar «normalt [vil] ha for veik tilknyting til personskaden til at har skadebotvern for denne skaden». Eg er einig i dette, og legg til at det samla sett synest å burde vere slik at ein risiko av denne art bør leggjast på ein arbeidsgivar.

(37)

I den såkalla furunkolosedommen i Rt-1992-453 var det spørsmål om ansvar for staten overfor nokre slaktebedrifter, som var eigde av oppdrettsanlegg. For fleirtalet av private partar, var oppdrett og slakting drive i same selskapet. Smitten ramma oppdrettsanlegga direkte, og slaktebedriftene var indirekte skadelidne. Fleirtalet i Høgsterett som gjekk inn for ansvar for skaden som følgje av smitten, gav også skadebot til slaktebedriftene. Det vart sagt at organiseringa i høve til skadevalder «kan ha et preg av tilfeldighet», og at det var «en nærhet til skadeårsaken» som bør føre til erstatning. Slik eg ser det er dette først og fremst tale om ei tilvising til dei grunnleggjande prinsippa om når det er ei «nærliggende og konkret interesse», slik dette har vore utvikla i rettspraksis, jf. det eg har sagt tidlegare. Kvart selskap kravde såleis dekt sitt eige tap.

(38)

Spørsmålet er om det bør leggjast avgjerande vekt på at delar av tapet rammar eit aksjeselskap, også i eit tilfelle der det er nær tilknyting mellom ein skadeliden arbeidstakar og - som i vårt tilfelle - eit aksjeselskap som arbeidsgivar. Også sett frå denne vinkelen er aksjeselskapet ein realitet, og det har konsekvensar ikkje minst med omsyn til skatt og ansvar. Eg går ikkje inn på kva avtalar det kan vere tale om mellom ein lønsmottakar/aksjeeigar og eit aksjeselskap, men peikar på at lovgivinga - også aksjelovgivinga - set grenser.

(39)

Det kan sjølvsagt tenkjast at det standpunktet eg tek i saka her, kan gi problem ved personskade i eit mindre føretak. Dette er likevel ikkje noko spesielt for krav på privatrettsleg skadebot. Også reglane om offentlege trygde- og pensjonsordningar er grunna på tilhøva slik dei er bygde opp gjennom tilsetjing og selskapsdanning. Det kan derfor ikkje vere uventa for nokon at val av selskapsform for næringsverksemd har konsekvensar. Dette må det finnast løysingar på av den tilsette eller av selskapet, til dømes gjennom forsikringsordningar. Det er motstykket til at det er valt ei selskapsordning som gir føremoner på andre felt.

(40)

Ut frå dette er eg såleis komen til at X ikkje har skadebotvern for sitt krav.

(41)

Det er nok så at det kan synast urimeleg på den eine side å nekte ein hovudaksjeeigar og nøkkelperson skadebot fordi tapet hans i form av redusert aksjeutbyte er avleidd av tapet hos den direkte skadelidne, her selskapet, og på den andre side nekte selskapet skadebot med den grunngivinga at tapet er for fjernt. Men også når ein har å gjere med eit mindre selskap med ein nøkkelmedarbeidar, der det konkrete resultatet kan synast urimeleg, er det viktig å halde fast ved dei prinsipielle linjene. Og for begge krava gjeld det å halde fast på den selskapsforma som hovudaksjeeigaren og drivkrafta - A - har valt som sitt «inntektsarrangement», slik lagmannsretten uttrykkjer det. Det kan ikkje vere slik at aksjeselskapsforma, som frå A si side hadde klare føremonar før skaden skjedde, utan vidare skal setjast til sides i høve til skadebotreglane når skaden er eit faktum. Det er ikkje noko ved desse reglane som tilseier at dei må tolkast slik at selskapsforma må vike i tilfelle som i saka no. Det er gjerne klare økonomiske grunnar til at aksjeselskapsforma er vald, og då må ein også ta konsekvensane av dette valet i dei aller fleste relasjonane, når ikkje lovgivinga opnar for unntak på særlege område. Og sjølv om det frå skadevaldar si side vil vere ei tilfeldig føremon at skadelidne A eit par år før ulykka omorganiserte verksemda frå einskildpersonføretak til aksjeselskap, blir dette eit argument av svært avgrensa verdi. I det verkelege livet er det ofte tilfelle som fører til at skadevaldars ansvar blir vidt forskjellig, utan at skilnadene samsvarar med ulike skuldgradar hos desse.

(42)

If har ikkje sett fram krav om sakskostnader i høve til A. Det bør seiast i domsslutninga at det ikkje blir tilkjent sakskostnader for nokon rett. Når det gjeld saka mellom X og If, har den reist eit prinsippspørsmål som ikkje tidlegare har vore oppe i Høgsterett. I den saka bør det derfor ikkje tilkjennast sakskostnader for nokon av rettane.

(43)

Eg røystar etter dette for slik dom:

I saka If Skadeforsikring NUF mot A:

1.

If Skadeforsikring NUF blir å frifinne.

2.

Sakskostnader blir ikkje tilkjende for nokon rett.

I saka X AS mot If Skadeforsikring NUF:

1.

Lagmannsrettsdommen, domsslutninga punkt 1, blir stadfesta.

2.

Sakskostnader blir ikkje tilkjende for nokon rett.

(44)

Dommer Oftedal Broch: Jeg er kommet til at As krav på erstatning med grunnlag i at bedriftens overskudd ble redusert, må tas til følge.

(45)

Jeg peker først på at A hadde en helt dominerende posisjon i X AS, både som den klart viktigste arbeidstaker og dessuten som den dominerende eier. Lagmannsretten har uttrykt det slik:

«Lagmannsretten legger til grunn at det er nær sammenheng mellom As personlige innsats og resultatene i selskapet. Virksomheten har få faste, driftsuavhengige kostnader. Selv om det også er andre ansatte, avhenger utvilsomt resultatene sterkt av As arbeidstid, kreativitet og personlige engasjement. Aksjeselskapet fremstår som en del av hans samlede inntektsarrangement, og utbyttet har nærmest karakter av avkastning på utnyttingen av As personlige ressurser. Forskjellen mellom lønn og utbytte fortoner seg derfor, vurdert på bakgrunn av ordlyden i skadeserstatningsloven § 3-1, som svært liten.»

(46)

Videre er det på det rene at dersom virksomheten hadde fortsatt som enkeltpersonforetak, slik det ble drevet fra 1992 til 1995, ville tapet i dette tilfellet kunne kreves erstattet.

(47)

Spørsmålet er derfor om det forhold at virksomheten er organisert i aksjeselskaps form - som et eget rettssubjekt - avskjærer A fra å kreve tapet erstattet, eventuelt om det betyr noe for bedømmelsen at han bare eiet 66 prosent av aksjene.

(48)

Utgangspunktet etter skadeserstatningsloven § 3-1 er at A skal ha erstattet hele det tap som hans reduserte inntektsevne medfører. Erstatningen skal dekke lidt skade og tap i fremtidig erverv, hva enten det dreier seg om tapte inntekter i form av ordinær lønn eller godtgjørelser fastsatt på annen måte. Verken ordlyden i § 3-1 eller formålet med erstatningsreglene utelukker dekning av As krav som følge av at bedriften har fått redusert overskudd. Spørsmålet vil være om det er andre holdepunkter for å avskjære ervervstap som er knyttet til inntjening i et selvstendig rettssubjekt, som aksjeselskap er.

(49)

Det som gjøres gjeldende av If, er hovedsakelig at kravet oppstår på selskapets hånd, og at selskapets tap ikke samtidig kan anses som den ansattes tap. As posisjon som eier, endrer ikke hans erstatningsrettslige stilling. For eieren er det tale om et avledet tap, som ikke har erstatningsrettslig vern.

(50)

Etter min mening er dette en formell betraktning, som ikke uten videre kan være bestemmende i erstatningsrettslig sammenheng. Det avgjørende må være karakteren av den interessetilknytning det er tale om mellom skadelidte og selskapet. For et enmannseiet aksjeselskap vil det være fullstendig sammenfall mellom eierens og virksomhetens interesser. Sammenfallet vil være som for enkeltpersonforetak. Jeg har vanskelig for å se at det forhold at man av hensyn til ansvarsbegrensning og eventuelt av skattemessige grunner velger å drive som aksjeselskap, bør være utslagsgivende for den erstatningsrettslige bedømmelsen. I forhold til erstatningsrettens regler og skadevolders situasjon virker et slikt skille svært tilfeldig. Om eieren tar all godtgjørelse ut som lønn eller alt ut som utbytte, eventuelt noe av begge deler, bør ikke være utslagsgivende for erstatningsutmålingen. Erstatningsreglenes gjenopprettelseshensyn tilsier også denne løsning, slik lagmannsretten har lagt til grunn.

(51)

At selskapsformen i andre relasjoner, eksempelvis i forhold til skatt og visse straffebestemmelser, er funnet avgjørende, har etter min mening liten overføringsverdi til vår sak. Derimot gjelder Rt-1996-1497, som også er nevnt av førstvoterende, et nærmere beslektet område. Saken gjaldt spørsmålet om en skogeier - Løiten Almenning - hadde ekspropriasjonsrettslig vern for tap av gevinst ved foredling av tømmer, når foredlingen ble drevet av et særskilt kommandittselskap, der Løiten Almenning var en av flere deltakere. Almenningen ble ansett erstatningsberettiget, idet Høyesterett uttalte følgende:

«Foreligger det en konkret og nær tilknytning mellom driften av eiendommen og foredlingstapet, vil dette normalt måtte anses som en erfaringsmessig og påregnelig følge av inngrepet.»

(52)

En slik konkret og nær tilknytning er det åpenbart også i vår sak. Riktignok forelå i den saken en avtale mellom almenningen og kommandittselskapet om at almenningen skulle få foredlingsgevinsten av det tømmer selskapet var forpliktet til å motta. Men jeg kan ikke se at det i et tilfelle som det foreliggende, skulle være avgjørende at A ikke har inngått en uttrykkelig avtale med aksjeselskapet - i realiteten med seg selv som eier - om at 66 prosent av det overskudd som kan utbetales som utbytte, skal tilfalle ham som godtgjørelse, jf. for øvrig den svenske avgjørelsen i den såkalte tannlegesaken, som førstvoterende viser til.

(53)

Etter min mening bør altså den konkrete og nære tilknytning som foreligger mellom As innsats og selskapets overskudd, føre til erstatningsrettslig vern av det tap A led som følge av at overskuddet ble redusert. Etter min mening er dette tapet ikke mindre påregnelig enn om virksomheten fortsatt var blitt drevet som enkeltpersonforetak. Jeg vil for øvrig bemerke at det foreligger mange små enmannsaksjeselskap, eller selskap der andre i familien - som her - kan være med på eiersiden.

(54)

Hva så med at A bare eiet 66 prosent av selskapet, mens broren eiet 34 prosent? Ut fra mitt syn på sammenfall mellom eierens og virksomhetens interesser, er antall eiere klart av betydning. Men hvor det som her er en deltaker som har en helt bestemmende posisjon, og hvor også vedkommendes arbeidsinnsats er av helt dominerende betydning for selskapets resultat, slik lagmannsretten har beskrevet, bør brorens eierandel ikke være avgjørende.

(55)

Noe vesentlig reelt hensyn mot løsningen kan jeg ikke se foreligger. Avgrensningsspørsmålet kan selvfølgelig, hvis man ikke avgrenser til enkeltpersonforetak, muligens skape litt vanskeligheter, men ikke store ut fra det syn jeg her har skissert. Beregningstekniske vanskeligheter vil nok forekomme, men ikke forskjellig fra dem man allerede møter i enkeltpersonforetak. Ansvarsbegrensningsregelen for aksjeselskap, som førstvoterende synes å tillegge vekt, har andre formål enn erstatningsreglene, og er etter min mening av liten interesse i saken.

(56)

Jeg vil tilføye at jeg synes det er urimelig når førstvoterende ikke bare vil avskjære en nøkkelperson som A fra å få sitt fulle tap erstattet, så lenge ikke overskuddet er tatt ut som lønn, men også finner at selskapet - som tapet umiddelbart rammer - er uten erstatningsrettslig vern.

(57)

Mitt standpunkt gjør det unødvendig for meg å ta stilling til det subsidiære kravet fra X AS. Jeg vil likevel kort bemerke: Førstvoterendes standpunkt er at bedriftens tap ikke står i tilstrekkelig årsaksmessig nærhet til skaden - det er ikke konkret og nærliggende. Jeg har for min del vanskelig for å forstå at et tap, som er utpreget påregnelig for skadevolder eller, om man vil, svært konkret og nærliggende så lenge det dreier seg om personlig næringsvirksomhet, blir abstrakt og fjerntliggende i det øyeblikk den samme virksomheten omorganiseres til et aksjeselskap. For bedriften er det tale om en forventning knyttet til eierens ve og vel, noe som er helt avgjørende for bedriftens virksomhet. Å avskjære erstatningen innebærer for skadevolder en tilfeldig fordel, og - i motsetning til situasjonen i Rt-2000-1756 (arbeidsgiveravgiftdommen) - må tapet etter min mening være skadevolders risiko.

(58)

Jeg finner støtte for dette standpunktet i Rt-1992-453 (furunkulosedommen) der fór- og slaktebedrifter, eiet av lakseoppdretterne, ble ansett erstatningsberettiget for tap de ble påført, selv om skaden direkte rammet oppdretterne. I dommen ble det nettopp fremhevet som et argument for en tilstrekkelig nærhet, at det for skadevolder hadde preg av tilfeldighet at virksomheten var organisert i et eget rettssubjekt.

(59)

Dommer Rieber-Mohn: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende, dommer Utgård.

(60)

Dommer Mitsem: Likeså.

(61)

Dommer Lund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med annenvoterende, dommer Oftedal Broch.

(62)

Etter røystinga sa Høgsterett slik

dom:

I saka If Skadeforsikring NUF mot A:

1.

If Skadeforsikring NUF blir å frifinne.

2.

Sakskostnader blir ikkje tilkjende for nokon rett.

I saka X AS mot If Skadeforsikring NUF:

1.

Lagmannsrettsdommen, domsslutninga punkt 1, blir stadfesta.

2.

Sakskostnader blir ikkje tilkjende for nokon rett.


Kontakt oss

for en gratis vurdering av din sak:

Powered by ChronoForms - ChronoEngine.com

Domstolnytt



Skadesiden.no eies av Advokatfirmaet Robertsen AS, Postboks 2724 Solli, 0204 Oslo. Besøksadresse: Sommerrogaten 17, Oslo. Inngang fra Frognerveien.

Telefon 05789 eller +47 22 12 24 90. Telefax: +47 22 12 24 81. Epost: kontakt@skadesiden.no. Web: www.skadesiden.no.