Utskrift fra Lovdata - 25.10.2015 18:17
Noregs Høgsterett - HR-2009-736-A - Rt-2009-425
Instans |
Noregs Høgsterett - Dom. |
Dato |
2009-04-01 |
Publisert |
HR-2009-736-A - Rt-2009-425 |
Stikkord |
Erstatningsrett. Pasientskadeserstatning. Bl.a. utgifter til pleie og omsorg. |
Sammendrag |
En ungdom fikk skader som følge av feildiagnostisering ved et sykehus. Høyesterett kom til at skadelidte ikke hadde krav på erstatning for inntektstap frem til oppgjørstidspunktet i tillegg til standardisert erstatning for barn etter skadeserstatningsloven § 3-2a. Retten la stor vekt på uttalelse fra sakkyndig og fant at en erstatning på 70.000.- per år var tilstrekkelig til å dekke rimelige og nødvendige kostnader for skadelidte. |
Saksgang |
Drammen tingrett TDRAM-2006-17672 - Borgarting lagmannsrett LB-2007-43618 - Høgsterett HR-2009-736-A, (sak nr. 2008/568), sivil sak, anke over dom. |
Parter |
A (advokat Steinar Winther Christensen) mot Staten v/Pasientskadenemnda (advokat Ole Andresen). |
Forfatter |
Utgård, Falkanger, Indreberg, Flock, Gjølstad. |
(1) |
Dommar Utgård: Saka reiser to hovudspørsmål. Det første er om lidd inntektstap fram til oppgjerstidspunktet kan krevjast dekt i tillegg til standard barneskadebot etter reglane i skadebotlova § 3-2a. Det andre gjeld utmåling av skadebot for utgifter til pleie og omsorg. |
(2) |
Bakgrunnen for saka går fram av Høgsteretts dom 15. oktober 2008, HR-2008-1795-A. Eg gir att avsnitta 2 til 10: «(2) A er født 0.0.1972. Fra tidlig barndom var han plaget av noe ustø gange og redusert motorisk kontroll. Problemene tiltok under oppveksten. I tillegg hadde han konsentrasjons- og hukommelsesvansker. I juni 1985, da A var 12 år, ble det ved røntgenundersøkelse påvist en svulst i lillehjernen. Denne ble fjernet ved operasjon ved Rikshospitalet samme måned. Etter operasjonen ble det i årene 1987, 1988 og 1989 foretatt rutinemessige CT-kontroller (computertomografi) av hjernen. Disse ble foretatt ved Buskerud Sentralsykehus. Det ble ikke oppdaget tegn til ny svulstdannelse. (3) I årene etter operasjonen var A stort sett frisk, men i perioder plaget med hodepine og morgenkvalme. Han hadde dessuten under hele skolegangen hatt visse lese- og skrivevansker. (4) Etter avsluttet ungdomsskole i 1989, tok han ett-årig AMO-kurs (arbeidsmarkedsopplæring) med sikte på å arbeide i en dagligvareforretning som hans foreldre drev. Han arbeidet deretter i forretningen. Etter at han i 1991 tok sertifikat, besto hans arbeid blant annet i å hente og levere varer. (5) I mai 1991 ble det ved en MR-undersøkelse (magnetisk resonanstomografi) foretatt ved Rikshospitalet oppdaget gjenvekst av svulst i lillehjernen. Samme måned ble A operert på ny, og svulsten ble fjernet. (6) Etter denne operasjonen fikk A betydelige helseproblemer. Han ble lammet i deler av ansiktet, fikk tale- og svelgvansker og svekket syn. Videre fikk han betydelige koordinasjonsvansker og balanseproblemer. Han har siden operasjonen vært rullestolbruker. Fra 1997 har han bodd i egen leilighet i foreldrenes hus. Han har siden kort tid etter operasjonen i 1991 mottatt 100 % uførepensjon. (7) I 1999 framsatte A krav om erstatning overfor Norsk Pasientskadeserstatning (NPE). Han gjorde gjeldende at det forelå feildiagnostisering av CT-bildene ved Buskerud Sentralsykehus etter operasjonen i 1985. Dette medførte at skadevirkningene av operasjonen i 1991 ble langt alvorligere enn om svulsten hadde blitt fjernet på et tidligere tidspunkt. (8) Etter å ha fått delvis medhold i NPE, ble saken brakt inn for Pasientskadenemnda, som 30. august 2002 traff vedtak om at A hadde krav på erstatning «for følgene av forsinket diagnostikk og behandling av hjernetumoren tilbake til 1987 ...». (9) Saken ble deretter tilbakesendt NPE for utmåling av erstatningen. NPE la til grunn at erstatningen skulle utmåles etter skadeserstatningsloven § 3-2a om standardisert erstatning for barn. Denne ble satt til 2 351 120 kroner, som er 40 ganger G (grunnbeløpet). A ble innvilget erstatning for påførte og framtidige utgifter til pleie og omsorg med henholdsvis 1 050 000 kroner og 1 600 000 kroner. Utmålingen var basert på et årlig utgiftsbeløp av 70 000 kroner. Med tillegg av ytterligere erstatningsposter utgjorde den samlede erstatning 5 601 120 kroner, som ble utbetalt A. (10) Etter klage fra A stadfestet Pasientskadenemnda vedtaket den 1. november 2005.» |
(3) |
Norsk Pasientskadeserstatning hadde gjort vedtak i saka og betalt ut til A i mai 2005. |
(4) |
A reiste sak for Drammen tingrett med krav om å bli tilkjent meir. Tingretten kom til same resultat som Pasientskadenemnda, med den endringa at posten til dekning av framtidige behov for pleie og omsorg vart auka frå 70 000 kroner til 110 000 kroner per år. Beløpet på 70 000 kroner for året for perioden 1991-2006 vart ståande. |
(5) |
Tingrettsdommen frå 30. januar 2007 har slik domsslutning:
|
(6) |
Begge partane gav inn sjølvstendig anke til Borgarting lagmannsrett, som sa dom 15. februar 2008 (LB-2007-43618) med slik domsslutning:
|
(7) |
Lagmannsretten kom med det til same resultatet som Pasientskadenemnda hadde kome til. A har anka vidare, og anken er fremja. Høgsterett fastsette at forhandlingane i første omgang skulle avgrensast til spørsmålet om skadebot for tap i framtidig inntekt og mein skal utmålast etter skadebotlova § 3-2a og grensa mellom lidd tap og framtidig tap, jf. tvistelova § 30-14 tredje ledd. |
(8) |
Høgsterett avgjorde spørsmålet om bruken av § 3-2a ved utmålinga ved dom 15. oktober 2008, HR-2008-1795-A. I avsnitt 15 er det uttala at det var semje mellom partane om at grensa mellom lidd tap og framtidig tap ikkje skulle behandlast i den omgangen, og at det Høgsterett skulle ta stilling til då var avgrensa til om skadebot for tap i framtidig inntekt og meinerstatning skulle utmålast etter skadebotlova § 3-2a eller etter dei alminnelege reglane i lova. |
(9) |
Høgsterett kom til at uttrykket «på skadetiden» i skadebotlova § 3-2a første ledd er tidspunktet for den skadevaldande handlinga eller hendinga. Det vart lagt til grunn at den skadegjerande handlinga skjedde i 1987 då A var 14 år, ved at ein hjernesvoll burde vore oppdaga og operasjon utført allereie det året. |
(10) |
Overlege Sven Conradi har vore oppnemnd som sakkunnig for alle instansane. Han har møtt og forklara seg i Høgsterett. |
(11) |
Ankeparten, A, har særleg halde fram: |
(12) |
Han får berre dekt sitt fulle tap dersom han blir tilkjend skadebot for lidd inntektstap for åra 1991-2008 i tillegg til den standardiserte inntektsskadebota for barn, jf. skadebotlova § 3-2a. Løysinga har dekning både i lovtekst og lovførearbeid, og må leggjast til grunn sjølv om forvaltningspraksis manglar. Løysinga har også støtte i ein artikkel av Kjønstad i Tidsskrift for Erstatningsrett 2008 side 5. Lidd inntektstap må tilkjennast særskilt fram til endeleg fastsetjing, som av praktiske grunnar kan reknast å skje ved utgangen av 2008. |
(13) |
Kravet på skadebot for lidd inntektstap er 1 730 457 kroner. I tillegg kjem saknadsrenter fram til 1. oktober 1999 og morarenter etter dette tidspunktet. Samla krav for lidd inntektstap medrekna renter er 2 560 810 kroner per 31. desember 2008. |
(14) |
Saka reiser vidare spørsmål om fastsetjinga av skadebot til dekning av utgifter til pleie og omsorg. Nivået er fastlagt i nyare praksis frå Høgsterett, og det gir grunnlag for å tilkjenne skadebot langt ut over det lagmannsretten gjorde. Spesielt må det leggjast vekt på at A er i ein situasjon der han er i stand til å nyttiggjere seg meir hjelp enn det han har. Ikkje minst vil det vere viktig å kunne dra på feriereiser i inn- eller utland. Dette vil auke trivselen og hindre depresjonar. Foreldra har ytt ein stor innsats, som hovudsakleg har skjedd ulønna, noko som ikkje er rimeleg. I tillegg kjem at han vil trenge pleie og omsorg livet ut, også når foreldra ikkje lenger kan stå for det, og det kan ikkje tenkjast utan full betaling. |
(15) |
Det må ut frå dette tilkjennast ein monaleg høgare sum til dekning av utgifter til pleie og omsorg enn det lagmannsretten har gjort. Beløpet bør setjast til 150 000 kroner som gjennomsnitt for kvart år. For tidlegare år blir det kravd morarenter frå kravet vart meldt NPE. Under denne posten blir det då kravd i alt kroner 3 176 344. Krava for framtidige år er neddiskontert og tillagt skatteulempe. Samla krav er då 1 128 017 kroner. |
(16) |
Skjeringstidspunktet mellom lidd tap og framtidig tap må setjast til domstidspunktet. Dette er i samsvar med alminneleg skadebotrett, og er også lagt til grunn i Rt-1997-1044. |
(17) |
A har sett fram slik påstand:
|
(18) |
Ankemotparten, staten v/Pasientskadenemnda, har særleg halde fram: |
(19) |
Skadebotlova § 3-2a må forståast slik at skadebot for tapt inntekt og mein omfattar heile perioden etter skadetidspunktet. Sjølv om lovteksten lesen åleine kanskje ikkje er klar, inneber koplinga av inntekt og mein at det vanskeleg kan tenkjast fortidig inntektstap i tillegg. Også føremålet med standardiseringa tilseier at det ikkje kan vere plass for eit særskilt krav for lidd tap av inntekt. Berre ved at standardiseringa omfattar det heile vil det kunne bli lik dekning av likt tap. Dette er også nødvendig for raskt og standardisert oppgjer, der det ikkje blir grunnlag for spekulasjonar. Forhistoria til føresegna støttar også løysinga. Det kan også visast til at Nygaard går inn for dette i ein artikkel i Lov og Rett 1998 side 195. Endeleg kan det visast til parallellen med standardisert yrkesskadeforsikring, der det er ei ordning med avpassing av skadebota etter skadelidnes alder på oppgjerstidspunktet, jf. forskrift 21. desember 1990 nr. 1027. |
(20) |
Skulle Høgsterett kome til eit anna resultat, er det ikkje innvendingar til sjølve utrekningane frå motparten. Det er likevel usemje om skjeringstidspunktet mellom lidd og framtidig tap, som etter Pasientskadenemnda sitt syn må vere vedtakstidspunktet i 2005 og ikkje domstidspunktet ved årsskiftet 2008-2009 slik motparten krev. Det er heller ikkje heimel for saknadsrente frå før kravet vart sett fram, spesielt fordi pasientskadelova § 13 andre ledd regulerer rentespørsmålet. |
(21) |
Skadebot for meirutgifter til pleie og omsorg må fastsetjast ut frå dei rettslege prinsippa som er utvikla i rettspraksis. Sentralt er at det må vere tale om nødvendige og rimelege utgifter som supplement til dei offentlege ytingane. Det må også kome inn ved vurderinga i kva grad skadelidne er i stand til å gjere seg nytte av ytingane. |
(22) |
Det er lite dokumentert kva krav A gjer gjeldande, med unntak for kostnader med feriereiser og dekning av den aktiviteten som foreldra står for. Den rettsoppnemnde sakkunnige har lagt til grunn eit nivå på privat pleie og omsorg som kan dekkjast for 70 000 kroner i året i skadebot og 12 000 kroner i hjelpestønad, samtidig som det også vil vere rom for andre tiltak enn det han har rekna med. Summen på 70 000 som Pasientskadenemnda fastsette, var dessutan lik for alle åra frå 1991, og var dermed romsleg i den første tida. |
(23) |
Dersom anken ikkje fører fram for dei to kravspostane, er det ikkje nødvendig å gå inn på kva som skal vere skjeringstidspunktet. Men eit vedtak frå Pasientskadenemnda er eit forvaltningsvedtak, som det er grunn til å likestille med ein dom eller ein avtale. Ikkje i noko tilfelle kan det vere nødvendig å endre skjeringstidspunktet lenger enn det som gjeld eventuelle endringar ved dommen i høve til dette vedtaket. |
(24) |
Staten v/Pasientskadenemnda har sett fram slik påstand:
|
(25) |
Eg går så over til mitt syn på saka. Før eg gjer det, peikar eg på at det er skadebotkravet som er tvistetema for domstolane i saker etter pasientskadelova, jf. § 18 første ledd første punktum i lova. At det ligg føre vedtak frå forvaltningsorgan, inneber såleis inga avgrensing i prøvingskompetansen. |
(26) |
Det første spørsmålet eg skal sjå på, er om ein skadeliden har krav på særskilt dekning av inntektstap som gjeld tida før oppgjerstidspunktet i tillegg til den standardiserte barneskadebota etter skadebotlova § 3-2a, der første ledd lyder: «Har skadelidte på skadetiden ikke fylt 16 år, ytes erstatning for tap i framtidig erverv og menerstatning etter bestemmelsene i paragrafen her.» |
(27) |
Ved HR-2008-1795-A vart det avgjort at «på skadetiden» viser til tidspunktet for den skadevaldande handlinga eller hendinga. Og det var i vår sak før A fylte 16 år, nemleg i 1987. Om det som skjedde, heiter det i avsnitt 37 i dommen: «Skaden skyldes forsinket diagnostikk og behandling av hjernesvulsten som ble operert i 1991, idet skadevirkningene ved operasjonen ville ha blitt langt mindre dersom denne hadde skjedd på et tidligere tidspunkt. Forsinkelsen må tilskrives mangelfull vurdering av CT-bildene, som ble tatt ved Buskerud Sentralsykehus i årene 1987, 1988 og 1989. Svulsten burde således ha vært oppdaget og operasjon foretatt allerede i 1987. Den mangelfulle diagnostiseringen har ikke hatt noen merkbar virkning for A før etter operasjonen i 1991. Det er ikke noe å utsette på operasjonen i 1991. Invaliditetsgraden skal settes til 100 %.» |
(28) |
Saka illustrerer at ein skade kan vere valda på eitt tidspunkt, men få verknad frå eit anna. Det kan også tenkjast at skaden kan bli oppdaga på eit tredje, seinare tidspunkt. Ikkje sjeldan vil det ta tid før den medisinsk uføregraden kan fastsetjast. Særleg der skaden råkar ein som er nær opp til 16 års alder, vil det dermed ikkje alltid vere mogeleg å fastsetje skadebota etter § 3-2a før etter det tidspunktet då vedkomande normalt skulle vore i inntektsgivande arbeid. |
(29) |
Spørsmålet blir då korleis uttrykket framtidig erverv skal forståast. Ordlyden i skadebotlova § 3-2agir ikkje noko svar. Det kan nok derimot seiast at ein med tap i framtidig inntekt i personskadeoppgjer til vanleg siktar til oppgjer for den delen av tapet som ligg etter oppgjerstidspunktet. Og det er i skadebotretten som utgangspunkt tidspunktet for dommen eller avtalen som avsluttar skadebotoppgjeret, jf. Rt-1997-1044 (Jensen). Etter mitt syn kan denne lovføresegna ikkje forståast på det viset. |
(30) |
Det sterkaste motargumentet ligg i sjølve systemet i skadebotlova § 3-2a. Reglane vart gitt for å gi standardiserte og enkle løysingar for skadeoppgjera. I NOU 1987:4 Standardisert erstatning til barn side 20-21 gir utvalet uttrykk for sine prinsipielle standpunkt. På side 21 heiter det mellom anna: «Standardiserte satser medfører at det gis lik erstatning for lik skade, uavhengig av lidt tap i det konkrete tilfelle. Arbeidsgruppen finner at en slik ordning er naturlig for barn, fordi utmålingen her ellers er forbundet med stor usikkerhet.» |
(31) |
Spørsmålet om særleg dekning av lidd inntektstap ut frå oppgjerstidspunktet er ikkje kommentert av utvalet. Det er det heller ikkje i Ot.prp.nr.81 (1986-1987) eller i Innst.O.nr.19 (1987-1988). |
(32) |
Det er såleis ingen spor i lovførearbeida av at det ved sida av dei standardiserte summane skulle vere plass for individuelle krav bygd på tapt inntekt før oppgjerstidspunktet. Dette er ein så praktisk situasjon at det hadde vore naturleg at det hadde vore nemnt om det var meininga. |
(33) |
Dersom oppgjerstidspunktet skulle vere avgjerande for kva som er framtidig erverv, ville det også bli ulikskap mellom ulike skadelidne. I dei tilfella der det tek tid for å avklare vilkåra for oppgjer, ville det bli ytt meir enn i dei tilfella der dette blir avklara med ein gong. Dette vil klart også ha uheldige prosessøkonomiske sider, ikkje minst fordi det til ein viss grad er opp til partane når eit oppgjer skal vere avslutta. |
(34) |
Føresegna i § 3-2a gjeld tapt inntekt og mein under eitt. For mein er det vanskeleg å tenkje seg ei oppsplitting på den måten det no blir gjort gjeldande for tapt inntekt, jf. her også Rt-1997-1044(Jensen). Denne sams utmålinga er også eit argument for at det ikkje kan vere tale om ein særskilt post for tapt inntekt fram til oppgjerstidspunktet. |
(35) |
Nygaard har drøfta spørsmålet om 40 G gir uttømande dekning av skadelidne sitt inntektstap i ein artikkel i Lov og Rett 1998 side 195. Han kjem til at svaret er ja, og legg særleg vekt på at skadebotlova § 3-2a første ledd er ein fellesregel for inntektstap og meinerstatning, og at denne bør byggje på eit felles prinsipp når det gjeld starttidspunktet for dekningsperioden. |
(36) |
I § 3-2a er det ein særregel for unge skadelidne som dei siste to åra før skaden har hatt ei gjennomsnittleg arbeidsinntekt på 5 G eller meir. Om det var meininga at det skulle skje ei tilpassing av utmålinga også for andre, ville det ha vore naturleg at det hadde gått fram av lova eller lovførearbeida. |
(37) |
Etter dette legg eg til grunn at «tap i framtidig erverv» i skadebotlova §3-2a siktar til «på skadetiden», slik dette tidspunktet er fastlagt i HR-2008-1795-A. Det er då ikkje noko lidd tap for Asom skal dekkjast i tillegg til den standardiserte skadebota for inntektstap og mein på 40 G. |
(38) |
Eg går så over til å sjå på spørsmålet om utmåling av skadebot for utgifter til pleie og omsorg. Lagmannsretten kom til ein sum på 70 000 kroner årleg for perioden frå 1991 og til utgangen av statistisk levealder for menn i den aktuelle aldersgruppa. Resultatet var i samsvar med det Pasientskadenemnda var komen til. |
(39) |
Eg startar med å sjå på sentrale dommar frå Høgsterett som viser prinsippa for utmåling. Spørsmålet om dekning av utgifter til pleie og omsorg kom opp med stor tyngde i Rt-1993-1547 (Skoland), som inneheld sentrale utgangspunkt i så måte. Det heiter i dommen: «Skadeserstatningsloven § 3-1 første ledd fastsetter at erstatningen skal dekke blant annet «utgifter som personskaden antas å påføre skadelidte i fremtiden». Forarbeidene til § 3-1, som kom inn i skadeserstatningsloven i 1973, omhandler bare i begrenset utstrekning denne erstatningsposten. Det fremgår imidlertid at det som kan kreves dekket, er utgifter som er en nødvendig og rimelig følge av skaden. Jeg viser til Innstilling fra Erstatningslovkomiteen (1971) 53 hvor dette er nevnt i tilknytning til praksis vedrørende allerede lidte utgifter. At et krav på erstatning for utgifter er begrenset til det som må anses nødvendig og rimelig, er et alminnelig anerkjent synspunkt som har vært fulgt i praksis ved tilkjennelse av erstatning for utgifter generelt sett.» |
(40) |
Om tilhøvet til offentlege ytingar er det uttala: «Hvilke utgifter som vil være nødvendige og rimelige, må da - slik jeg ser det - vurderes i forhold til prinsippet om at erstatningen skal være et supplement til offentlige ytelser.» |
(41) |
Av interesse er det også at det er lagt til grunn at ein skadeliden vil nyte godt av den utviklinga som skjer i samfunnet sitt tilbod. |
(42) |
I Rt-1996-958 (Stokstad) er synsmåtane utvikla vidare: «Når det gjelder behandlings- og pleieytelser med rent helsemessige siktemål, finner jeg det vanskelig å ta noe annet utgangspunkt enn at de offentlige ytelsene representerer det nødvendige og rimelige nivå også erstatningsmessig. Kommer man over til ytelser med sikte på å gi mer selvstendighet, uavhengighet og trivsel i hverdagen, mener jeg at det lettere kan bli tale om en noe høyere standard i erstatningsretten, altså slik at man dekker ytelser utover det som går inn under offentlige hjelpe- og stønadsordninger. Men fortsatt gjelder begrensningen til nødvendige og rimelige utgifter, og det må trekkes en grense mot det som omfattes av ménerstatningen.» |
(43) |
Synsmåtane er stadfesta i Rt-1999-1967 (Rott) og i Rt-2002-1436 (Bråtane). I denne siste er det dessutan uttala følgjande: «Skaden har gjort C helt ut avhengig av bistand for å kunne ha et så selvstendig liv som mulig. Hun har utvist en sjelden evne til å nyttiggjøre seg den bistand hun gis, og lever til tross for funksjonshemningen så langt det er mulig et alminnelig liv. Det er ikke tvilsomt at den ytelsesformen som sikrer C et mest mulig fullverdig liv, er personlig assistanse. Jeg er derfor kommet til at en full erstatning i dette tilfellet innebærer en erstatning som gir henne muligheten til daglig å kjøpe personlig assistanse i et visst omfang i tillegg til de offentlige ytelsene. Hun har anført at hennes bistandsbehov øker ved reiser - i forbindelse med studiene, ferier eller ellers. Det er jeg enig i, og jeg har vektlagt dette ved fastsettelsen av det årlige erstatningsbeløpet. ... .» |
(44) |
Eg går så over til helsetilstanden for A. I vedtak 1. november 2005 uttala Pasientskadenemnda mellom anna følgjande: «Pasienten sitter i rullestol. Han bor alene i tilpasset leilighet i foreldrenes hus, og er nokså selvhjulpen. Han klarer å stelle seg selv, lage enkel mat og spise selv. Pasienten har i dag sequeler i form av ansikts- og øyemuskellammelse på høyre side, betydelig svekket syn samt dobbeltsyn på høyre øye, uttalt ataksi (ikke samordnende bevegelser) i ben og armer med overvekt på venstre side samt blæretømmingsvansker med behov for daglig kateterisering. Han er 100% uføretrygdet». |
(45) |
Overlege Sven Conradi gav ei sakkunnig erklæring 2. januar 2007 der han gjekk inn på korleis Afungerer. Eg siterer frå denne: «Hukommelsestest basert på praktiske gjøremål i dagliglivet (RBMT), viser moderate hukommelsesvansker. ... . I en skolesituasjon viser han lesevansker og får ikke med seg stort av innholdet. Han forteller at han ikke leser stort annet enn litt i aviser. Han har betydelige motoriske skrivevansker med tydelig dyslektiske trekk. Han skriver litt på PC, men heller ikke her mye. Her kommer også hans vansker knyttet til dobbeltsyn inn. ... A sitter i manuell rullestol som han selv kjører ved å sparke seg fram med bena. Han forflytter seg selv til/fra rullestolen og til/fra liggende. På benk snur han seg fra ryggliggende over på magen og tilbake igjen. Han forteller at han kan falle ved forflytning til/fra rullestolen (sier selv at det er ca en gang i uken) men han tar seg selv opp igjen. Han kan gå med støtte f eks i langgang hos fysioterapeuten, eller med rullator. Med støtte av en person kan han også gå i trapp. ... A er selvstendig i personlig stell med enkel tilrettelegging og egne teknikker når det er på et tilrettelagt bad. Han klarer å plukke opp små ting med høyre hånd, men har vanskeligheter med å kneppe knapper og knytte skolissene. Han lager seg brødmat selv og en gang i blant enkel middagsmat. Han setter i oppvaskmaskin og rydder noe selv. I slike aktiviteter tar A selv relativ lite initiativ og trenger motivasjon og aktivisering, samtidig som han får hjelp til mye av mor og far. Han liker fysioterapi og aktiviteter som støttekontakten tar ham med ut på. ... .» |
(46) |
A vart i februar 2006 innlagd på sjukehus med svekka allmenntilstand. Psykolog Camilla Rønning skreiv i journalnotat under behandlinga at det ved innlegginga låg føre tung symptombelastning i form av depresjon, angst, nedsett velvere og nedsett meistring og sosial funksjon. Det heiter i notatet mellom anna: «I samtalen fremstår pasienten som deprimert, og han har et klart ønske om å dø. Han har imidlertid ikke en klar plan for å ta sitt eget liv eller gjøre noe for å skade seg selv. Han sier at der er sesongvariasjon og at han forventer at stemningsleiet letter når våren kommer. Lidelsestrykket er imidlertid nå så stort at fastlege bes følge dette opp og eventuelt henvise videre til oppfølging lokalt.» |
(47) |
Sjukehusopphaldet i 2006 var ikkje kjent verken for prosessfullmektigane eller for den sakkunnige under behandlinga i lagmannsretten. For Høgsterett har den sakkunnige gått nøye inn på utviklinga av As psykiske helse. I erklæringa heiter det: «Det er således åpenbart at passivitet og ensomhetsfølelse har vedvart i mange år og gradvis preget A. Det er også lett å forstå at den forverring av depresjonen som han har hatt tendens til å oppleve vinterstid kan knyttes til den økte grad av isolasjon og innestengthet som det norske klima påtvinger bevegelseshemmede personer i utstrakt grad. A besitter et elektrisk kjøretøy (såkalt Trax) som han kjører rundt i nabolaget og kommer seg ut i naturen med. Denne må imidlertid parkeres ved første snøfall. Det som ser ut til å ha snudd situasjonen dramatisk i positiv forstand for A våren 2006, og som psykiater Bjerkes epikrise så godt viser, var utsikten til å komme seg mer ut, her konkret knyttet til kjøp av ny båt som var mulig for ham å bruke. Siden A ikke er i stand til å kjøre båten egenhendig, var bruken av den knyttet opp mot tildeling av støttekontakt, som kunne hjelpe ham med det praktiske knyttet til å komme ut på sjøen og gi ham selskap. Det er åpenbart at det å være i båt og fiske representerte en stor, positiv nyhet for A. Betydningen av dette er antakelig desto større fordi båtkjøpet fremstår som resultatet av et selvstendig valg.» |
(48) |
A får i dag dekt frå det offentlege kostnadene med støttekontakt med 7 timar i veka, medan han sjølv dekkjer lønn for ytterlegare 3 timar. Kommunen betaler omsorgslønn i 10 timar i veka til A si mor. I tillegg kjem 1-2 timar i veka med kommunal heimehjelp. A har hjelpestønad med om lag 12 000 kroner i året. |
(49) |
A bur i sokkelleilegheit i foreldra sin einebustad, og foreldra nyttar mykje tid på samvær med og omsorg for sonen. Foreldra sjølve har vurdert denne tidsbruken til 30 timar i veka i tillegg til det som blir dekt som omsorgslønn. |
(50) |
A har sidan 1991 vore på ferie ein del gonger, dels saman med foreldra og dels saman med støttekontakta. |
(51) |
Vedtaket i Pasientskadenemnda byggjer på at A har krav på dekning av kostnader ut over det som ligg i offentleg ytingar etter ein årleg sum i skadebot på 70 000 kroner. I tillegg kjem hjelpestønaden med 12 000 kroner i året. Spørsmålet er om dette for A med hans skadar er i samsvar med det skadebotnivået som følgjer av lova og rettspraksis. |
(52) |
Den sakkunnige har lagt til grunn at A bør ha sosialmedisinske tenester knytta til behov for støttekontakt/følgjeperson med i alt 698 timar i året. I reknestykket er det lagt til grunn at A årleg har behov for følgjeperson i samband med turar, kino- og kafebesøk og liknande med 500 timar i året, i samband med helgeturar 30 timar og i samband med feriereiser 168 timar fordelt på 12 dagar. I tillegg til dei kommunalt finansierte ytingane gjennom vedtaket om støttekontakt med 7 timar i veka, står det då att 334 timar som må dekkjast gjennom hjelpestønad og skadebot. Dersom ein som partane har gjort, reknar med ein timesats for hjelp på 160 kroner, vil tilgjengelege midlar ut frå Pasientskadenemnda sitt vedtak og ut frå hjelpestønaden rekke også til andre utgifter enn dei den sakkunnige har lagt til grunn. |
(53) |
Utmålinga bør skje ut frå den faktiske situasjonen. Dekninga av kostnader til pleie og omsorg skal vere eit supplement til offentlege ytingar med sikte på å gi meir sjølvstende og trivsel i kvardagen og å gjere skadelidne meir uavhengig. Det er avgjerande om supplementet er nødvendig og rimeleg, men det vil likevel vere tale om ein høgare standard enn det er på dei offentlege ytingane. Det må i ganske stor grad vere tale om ei samla vurdering. |
(54) |
Den sakkunnige har gjort greie for korleis han ser på behovet for støttekontakt eller følgjeperson. Etter mitt syn bør denne vurderinga tilleggjast stor vekt. Den sakkunnige har for Høgsterett vore kjend med omstenda rundt sjukehusopphaldet i 2006. Eg kan ikkje sjå at innvendingane frå A mot vurdering frå den sakkunnige kan ha nemnande vekt. Dette må gjelde så mykje meir som det innanfor summen på 70 000 kroner årleg og hjelpestønaden er rom også for utgifter ut over det den sakkunnige har rådd til. |
(55) |
Den første innvendinga går på innsatsen frå foreldra. At foreldra yter stor innsats i høve til sonen, er lett å forstå. Men det vil her nettopp av den grunn vere vanskeleg å vurdere i kva grad denne innsatsen gir rett til skadebot. Ikkje minst har det samanheng med at tidsbruken lett får karakter av familiær eller sosial omgang. Det er sjølvsagt viktig, men det er samtidig ikkje så lett å plassere i ein skadebotsamanheng. I ein framtidig situasjon må det reknast med at det offentlege vil finne fram til andre tilbod som skal dekkje desse behova. Eg viser også til opplysningar i saka om at det har vore gitt tilbod frå kommunen, men at A ikkje har vore særleg innstilt på å nytte desse. Etter mitt syn kan innsatsen frå foreldra ikkje gå inn i noka form for reknestykke, men måtte vere ein del i ei totalvurdering. |
(56) |
Den andre innvendinga går på at den sakkunnige har lagt til grunn utilstrekkeleg dekning av timebruk til feriereiser, og at det ikkje er lagt inn ekstrakostnader som vil måtte kome til om det skal vere med følgjeperson, til dømes til ein stad «i syden». Heller ikkje her kan eg sjå at innvendinga kan ha nemnande vekt. Den sakkunnige har lagt til grunn feriereiser, og også helgeturar. Som påpeika i Rt-2002-1436 (Bråtane) kan det leggjast vekt på behov for reiser ved fastsetjinga av den årlege skadebotsummen. Også her må det skje ei skjønnsmessig vurdering, og eg kan ikkje sjå at det er grunn til å seie at den sakkunnige har nytta for lågt grunnlag. |
(57) |
Eg har tidlegare vist til nokre dommar. Den nyaste av dei eg viste til var Rt-2002-1436 (Bråtane). Saka gjaldt eit tilfelle med eit heilt anna skadenivå enn i vår sak, og den skadde der hadde også ei heilt ekstraordinær evne til å dra nytte av tiltaka. Det er avgrensa overføringsverdi frå denne saka til saka no. Eg viser derimot til Rt-1999-1967 (Rott), som gjaldt ei sak der skadane var klart større enn i vår sak, og der det vart tilkjent skadebot med grunnlag av ein årleg sum på 80 000 kroner. |
(58) |
Etter mitt syn gir ei skadebot basert på ein årleg sum på 70 000 kroner dekning av rimelege og nødvendige kostnader. Eg har ved utmåling av skadebota lagt stor vekt på tilrådinga frå den sakkunnige, men eg understrekar at det likevel ikkje frå mi side er tale om noko reknestykke med utgangspunkt i hans tilråding. Det kan rett nok spørjast om det bør vere ein større sum etter 2006, som følgje av dei psykiske problema som då oppsto. Den sakkunnige har likevel teke høgde for denne situasjonen i si vurdering, utan at hans tilråding tilseiar auke ut over 70 000 kroner. Summen omfattar også mange år før fastsetjinga i Pasientskadenemnda der behovet var noko mindre enn det er no, og er eit gjennomsnittsbeløp. |
(59) |
Etter mitt syn er det då ikkje grunnlag for å tilkjenne A skadebot for utgifter til pleie og omsorg ut over det han vart tilkjent av Pasientskadenemnda. |
(60) |
Staten v/Pasientskadenemnda har kravd seg tilkjent sakskostnader for Høgsterett. Etter mitt syn bør sakskostnader ikkje tilkjennast, jf. tvistelova § 20-2 tredje ledd bokstav c. |
(61) |
Eg røystar etter dette for slik dom:
|
(62) |
Kst. dommer Falkanger: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende. |
(63) |
Dommer Indreberg: Likeså. |
(64) |
Dommer Flock: Likeså. |
(65) |
Dommer Gjølstad: Likeså. |
(66) |
Etter røystinga sa Høgsterett slik dom:
|